Gaularhallen

Etter årevis med politiske diskusjonar, dugnadsjobbing og planlegging vart endeleg Gaularhallen opna laurdag 10. januar 2015.

Den storstilte utbygginga romma nødvendig utviding og oppgradering av Sande Skule, samt Gaular si nye storstove: Gaularhallen.

Fleirbrukshallen er tenkt nytta hovudsakleg til idrettsaktivitetar, men ein håpar og det kan vere ein arena for kultur. Hallen rommar både kantine, auditorium, styrkerom, spinningsal, klatrevegg og scene, so her er det rom for eit breitt spenn av aktivitetar.

Gåvesjekk til Gaular IL

Det har den siste tida før opning vore kronerulling der både frivillige, lag og organisasjonar har vorte oppmoda om å bidra for å få på plass nødvendig utstyr i hallen.

– Banken har hatt vekst i kundemasse i denne kommunen, og med bakgrunn i dette er det óg naturleg at vi kan gi meir tilbake til arrangement og tiltak her, seier Solbjørg Grøneng som er finansiell rådgiver i SpareBank 1 SMN.

På opningsdagen stilte banken med ein gåvesjekk til Gaular IL på 10.000 kr.

- Vi veit at det framleis gjenstår utstyr ein ynskjer å få kjøpt inn, og derfor er pengene øyremerka det, avslutter Grøneng.

SpareBank 1 SMN bidrar til et godt aktivitetstilbud i vår region via en rekke samarbeid. Vi er ledende bank i Trøndelag og på Nordvestlandet med ca 200 000 personkunder og over 14 000 bedriftskunder. Hvert år bevilges inntil 50 prosent av bankens overskudd etter skatt og utbytte til allmennyttige formål. Vi er landsdelens ledende private bidragsyter og har i løpet av de siste ti årene delt ut mer enn 500 millioner kroner til gode formål.